| Address: | 6216 Geiranger |
| Phone: | +47 70 26 30 07 |
| Fax: | +47-70 26 31 41 |
| WWW: | http://www.geirangerfjord.no |
| Area: | Geiranger |
| Geiranger Fjordservice AS tilbyr eksklusive fjordcruise på den verdskjende Geirangerfjorden. Selskapet tilbyr også andre aktiviter som bilutleie, nordic walking, guiding og sykkelutleie. | |
| |
M/S Geirangerfjord tek passasjerane nært inntil fossane Dei Sju Systre, Friaren og Brudesløret. På turen får ein også høve til å beundre fleire av dei fråflytta gardane langs fjorden, som Skageflå, Knivsflå, Blomberg og Matvik.
Ein tur med Geirangerfjord Sightseeing er eit fantastisk høve til å utforske denne delen av UNESCOs verdsarvsområde i all si prakt.
Dersom ein ynskjer å besøke ein av fjordgardane, kan vi tilby transport-service med M/S Geirangerfjord.
Turen varer omlag 1,5 time, og det er høve til å kjøpe lette forfriskingar ombord.
Geirangerfjord Sightseeing har guiding på fem språk. Velkommen ombord!
Geirangerfjorden og omegn byr på majestetiske snødekte fjelltoppar, brusande fossefall, frodige marker og ein djupblå fjord. Ein biltur kan også kombinerast med sykkel delar av vegen for å få ei komplett og unik oppleving. Å leige bil gir deg fridom og høve til å sjølv å bestemme stoppestader. Geiranger Fjordservice AS er agent for Hertz Bilutleige.
Bli med på Nordic Walking tur! Tur med stavar i roleg tempo, men dog med god treningseffekt. Det kan skreddersyast opplegg etter ønskje om intensitet; frå det heilt rolege til reine treningsturar.
Den verdskjende maratonløparen Ingrid Kristiansen har eigenhendig vore i Geiranger og plukka ut løyper som benyttast når oss tar deg med ut på tur.
Det vert gitt enkel introduksjon i teknikk, samt ein smakebit av lokalhistorie undervegs.
Bli med på topptur i sommar! Dette er ein heildagstur saman med lokalkjend person. Turane går i roleg tempo, eller tilpassast fysisk form til gruppa som er med på turen. Turen går til Vinsåshornet, eller Laushornet. Kle deg etter ver og vind, ta på gode fjellsko, og godt med mat og drikke.
Bli med oss til fjells og få ei altoppslukande utsikt mot Geirangerfjorden og fjella rundt.
Nibbevegen tek deg frå Djupvasshytta på 1038 moh. til utsiktspunktet Dalsnibba på cirka 1500 moh. Du får ei utsikt mot dei ville snødekte fjella du seint vil gløyme, du får rein luft og UNESCOs verdsarvområde - alt på same tid.
Dalsnibba er ein av dei største attraksjonane i området og kan skilte med at nær 180 000 personar har besøkt toppen i 2009.
Opplev Geirangefjorden i full fart og i frisk sjøsprøyt! Ei altoppslukande oppleving av Geirangerfjorden på nært hald.
Turen tek deg ut Geirangerfjorden og tilbake, der ein får sjå og oppleve alle attraksjonane undervegs. Langs fjorden finn ein blant anna fossane Dei Sju Systre, Friaren og Brudesløret. Dei fråflytta gardane langs Geirangerfjorden Skageflå, Knivsflå, Blomberg og Matvik vitnar om livet fjordfolket levde mange år tilbake.