Du er her: Mat Restauranter Hotell Geiranger

Hotell Geiranger

Address: 6216 Geiranger
Phone:70 26 30 05
Fax:70 26 31 70
WWW:http://www.hotel-geiranger.no
Area:Geiranger

Midt i sentrum og direkte ved fjorden ligg Hotell Geiranger, eit komfortabelt hotell med norsk gjestfriheit og atmosfære.

Hotell Geiranger har tradisjonar tilbake til 1860-talet, men er i dag eit moderne hotell med all den komfort gjestar frå alle verdshjørne forventar. I ei harmonisk blanding av gamalt og nytt kan gjestane oppleve ei heimekoseleg og norsk stemning, omkransa av den vakre naturen som Geiranger er verdskjend for.

Hotell Geiranger har 151 attraktive rom, dei fleste med praktfull utsikt over Geirangerfjorden og mange av romma har balkong.

På hotellet finn du vår hovedrestaurant Skageflå, hyggelege salongar, intime barar og ei panoramaterrasse med eit fantastisk rundskue. I tillegg har vi ein uformell restaurant, Friaren Bistro, som òg har uteservering. Denne ligg i hotellet sin fyrste etasje nede ved fjorden, og tilbyr ein variert à la carte-meny med både lokale og internasjonale rettar.

I hotellet sin fyrste etasje ligg òg souvenirbutikken Audhild Vikens Vevstove.

Hotell Geiranger tilbyr rom i tre priskategoriar: standard rom, standard rom med fjordutsikt, og dei oppgraderte panoramaromma som òg har fjordutsikt. Alle romma har bad/WC, skrivebord, direkte telefon og satelitt-TV.

 Hotell Geiranger

Rom

Panoramarom:

  • Oppgraderte rom i dei øvste etasjane. Fjordutsikt og balkong.
  • Sofa/Sittegruppe, flatskjerm-TV, bad med badekar.

Standard rom med fjordutsikt:

  • Standard rom med fjordutsikt og balkong.
  • Sittegruppe, bad med badekar.

Standard rom:

  • Standard rom med fjellutsikt.
  • Sittegruppe, bad med dusj eller badekar.

Standard trippelrom:

  • Standard rom med tre senger og moglegheit for ekstra oppreiing.
  • Sofa/Sittegruppe, flatskjerm-TV, bad med dusj.

Fasilitetar

  • Heis
  • Skjenkeløyve med alle skjenkerettar
  • Uteservering
  • Restaurantar
  • Bar
  • Internett
  • Satelitt-TV
  • Hårfønar
  • Familierom
  • Gratis parkering
  • Biljard

 

Restaurant Skageflå

Restaurant Skageflå, med plass til 300 gjestar, ynskjer å gi deg ei norsk og lokal stemning. Interiør og dekor er prega av lokale tradisjonar, og legg ramma for ei god og minnerik matoppleving. Mattilbodet er rikhaldig og inneheld både norske spesialitetar og internasjonale rettar. Restaurant Skageflå er spesielt kjent for sin buffet av høg klasse.

Friaren Bistro

Friaren Bistro ligg i fyrste etasje på hotellet nede ved fjorden og har uteservering. Vi tilbyr ein variert à la carte-meny med både lokale og internasjonale rettar.