Westerås Hytteutleige

news01

Westerås Gard har både hytter, leilegheiter og eigen låverestaurant med ei spektakulær utsikt over fjord og fjell. I tillegg er garden eit glimrande utgangspunkt for fotturar i fjellet med turstiar som startar rett utanfor døra. Garden har vore i familien heilt sidan 1600 talet og er ein av tre gardar i Geiranger som framleis er i drift. 

 

Westerås hytteutleige og restaurant ligg på Vesterås, om lag 4 km frå sentrum, med flott utsikt over turistbygda Geiranger. Ta fylkesveg 63 i retning Grotli, køyr 3 km til du kjem til Hole bru, ta av til venstre og køyr langs ein grusveg siste kilometeren. Då er du framkomen. I låven finn du spisestedet som også fungerer som resepsjon. 

 

Westerås Gard har 2 leilegheiter, 5 høgstandardhytter og eit rom til utleige som vi leiger ut i perioden mai - september. 

 

Leilegheitene er lokalisert i det gamle gardshuset. 

 

1. Etasje (ca 50m2): 

- 2 soverom, 1 soverom med 150 cm rammemadrass og det andre soverommet med 150 cm rammemadrass og ei familiekøye. 

- Toalett & dusj. - Kjøkken med komfyr, kjøleskap, kaffetrakter og mikrobølgeovn. Bestikk og servise til 7 personer. 

- Stue med hjørnesofa, spisebord, TV og peis. Ved får du kjøpt i resepsjonen. 

 

2. Etasje (ca 40m2): 

- 2 soverom, begge med 120 cm rammemadrass og 1 enkeltseng. 

- Toalett & dusj. 

- Lite kjøkken med hybelkomfyr, kjøleskap, kaffetrakter og vannkoker. Bestikk og servise til 6 personer. 

- Stue med sittegruppe, spisebord og reiseTV.

 

Tømmerhyttene er 30 m2 med plass til 5 personer.(1 til 6 personer) 

- 2 soverom, 1 soverom med familiekøye og 1 soverom med 2 enkeltsenger. 

- Opphaldsrom med minikjøkken med 2 kokeplater og kjøleskap, bestikk & servise til 5 personer, kaffetrakter, vannkoker. Sittegruppe, spisebord og liten TV. 

- Toalett& dusj. 

 

Tømmerhytte 35 m2 med plass til 6 personer. 

- 2 soverom med familiekøye. 

- Opphaldsrom med minikjøkken med 2 kokeplater og kjøleskap, bestikk & servise til 6 personer, kaffitrakter, vannkoker. 

- Sittegruppe, spisebord og TV. 

- Toalett & dusj. 

 

Rom 

- 120 cm rammemadrass og 1 enkeltseng. Minikjøkken med 2 kokeplater og kjøleskap, bestikk & servise til 3 personer, kaffitrakter og vannkoker. Lita sittegruppe. Liten TV. 

- Toalett & dusj. 

- Passer best for 2 personer. 

 

Om du ikkje har med sengklede eller sovepose kan du leige det med oss. Puter og dyner er i hyttene/ leilighetene/ rommet. 

 

På låven kan du nyte middag eller forfriskningar i ei koseleg atmosfære, med flott utsikt over Geiranger. Om dykk er ei større gruppe er det lurt og tinge plass på forehand. Sitteplasser til 60 personer inne og 22 personer ute på terrassen. Vi serverer frukost til grupper ved førehandsbestilling, eller vi tilbyr frukosttallerken som gjestane henter på låven kvelden før. 

 

Garden har mange flotte mogelegheiter for fotturar i fjellet. Du bør ta turen opp til Storseterfossen, ein ca 45 minutter tur på en god sti, opp til den 30 meter høge fossen som står i en bue ut fra fjellet, slik at ein kan gå under/bak den. Ei fantastisk oppleving! Ei anna anbefalt rute frå Vesterås er turen til Løsta, med storslått utsikt over Geirangerfjorden. Eller Vesteråsfjellet, ein lett tur med utsikt over Geiranger sentrum og kaiområdet. Der er og fleire lengre turar som startar frå Vesterås, spør om tips i resepsjonen. 

 

Er du glad i dyr, vil eit besøk på Westerås Gard glede deg. Her kan du sjå lama, geiter og sauer. La deg begeistre av fantastisk natur, utsikt og unike oppleveingar på Westerås Gard! 

 

Hjarteleg velkommen til oss!! 

 

For meir infomasjon:


Iris og Arnfinn Westerås, 6216 Geiranger. 

Tlf: + 47 92 64 95 37/ + 47 93 26 44 97 

E-mail: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.  

 

GPS kordinator: Nord 62.101194025 – Aust 7.2155496915.

Foto: Ståle Wattø