| Phone: | 70 26 30 07 | |||||
| WWW | ||||||
| Area: | Geiranger | |||||
Fraflyttet fjordgard i vakre omgivelser over Geirangerfjorden. Ble kjent da Dronning Sonja og Kong Harald inviterte over 30 kongelige til lunch pa tunet da de feiret sitt solvbryllup i 1993. Kan besokes til fots (bratt oppstigning) ved a avtale ilandstigning/henting med M/S Geirangerfjord. | ||||||
| ||||||
|
| ||||||
Skagefla ligg pa ei fjellhylle 250 meter over Geirangerfjorden. Garden har vore i bruk heilt sidan middelalderen. I 1873 gjekk det eit stort jordskred over garden og oydela mykje av den dyrka jorda. For a fa hjelp til oppryddinga vart garden delt i to bruk. Det hovde seg slik at bror og syster pa Skagefla gifte seg med bror og syster pa Mollsater, og begge syskenpara slo seg ned pa Skagefla.
Garden har tradisjonelt vore rekna som ein av dei rikaste gardane i Geiranger. Det kjem ikkje minst av dei groderike beitemarkane i Skagedalen. Pa det meste kunne dei fo 125 geiter pa denne garden.
Garden hadde tidlegare ein av dei vanskelegaste sjoavegane av alle gardar i Geirangerfjorden, og det er nok ein hovudgrunn til at garden i kortare periodar har lagt oyde. Vegen fra sjoen og opp til Skagefla gar i svingar oppover fjellsida, og passerer eit slett skraberg som det er omtrent urad a passere utan a ha noko a halde seg i. Her var det i gamle dagar lagt ut nokre tommerstokkar a ga pa, og segna fortel at ein gong lensmannen var pa veg opp til Skagefla for a pante skatt, sa tok bonden vekk desse stokkane, og lensmannen matte gjere vendereis. I 1855 vedtok kommunestyret at Skagefla skulle fa midlar til a skyte ut veg over dette svaberget og elles til a setje opp rekkverk over det mest farlege partia pa vegen.
Skagefla er na blitt restaurert i eit samarbeid mellom Storfjordens Venner, grunneigarane, Riksantikvaren og More og Romsdal fylke.
Hausten 1993 gjekk eit stort kongeleg folgje, anfort av dronning Sonja, denne vegen opp til Skagefla, der det vart arrangert lunsj for fire regjerande monarkar og andre representantar for dei fleste kongehus i Europa. Dei som ikkje gjekk vegen opp, vart frakta med helikopter til Skagefla. Det var ogsa pa Skagefla at dronning Sonja i 2006 avduka ein verdsarvplakett for a markere at dette omradet i 2005 hadde hamna pa UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarv.
Partslaget Skagefla, ved Ingolf Molsater mottok Godt Vern-prisen 2008 av Fortidsminneforeininga, avdeling Sunnmore.
Fortidsminneforeninga ga ogsa honnor til Storfjordens Venner og prosjektleiar Atle Ringseth i samband med arbeidet ved Skagefla.