9

Knivsflå

WWW
Area:Geiranger
Knivsfla ligg pa ei fjellhylle like ved Dei sju sostre i Geirangerfjorden. For dei vart omdoypt, heitte da ogsa desse fossane for Knivsfossane. Garden ligg pa omlag same hogde som nabogarden pa andre sida av fjorden, Skagefla. Garden er gamal, og er nemnt i skriftlege kjelder alt i 1603. Den gongen var Knivsfla oydegard.
Knivsflå

Det tyder pa at garden kan ha vore rydda mange generasjonar tidlegare. I eldre tid gjekk Knivsfla for a vere den beste garden i Geirangerfjorden. Garden ligg i solhellinga. Det blir tidleg var der og beiteforholda er framifra. Pa det meste kunne garden fo 15-18 kyr og opp mot hundre geiter. Garden hadde ogsa korn til eige bruk. Sjolv i darlege ar hadde folket pa Knivsfla rikeleg mat.

Meir enn pa andre fjord- og fjellgardar har ulukker og tidleg dod prega livet pa Knivsfla. Pa 40 ar fra 1831 omkom fire menneske, to dotre pa garden og ein dreng og ei tenestejente. Den siste som omkom var Oline Marte, 15 ar. Pa veg heim fra setra ein dag skulle ho ta ein snarveg over elva ovanfor Dei sju systre. Med mjolkebora i handa fall ho utfor stupet og omkom. Terrenget garden ligg i er farleg, med sine stup og bratte elvafâr, men det var rasfaren som gjorde at Knivsfla vart fraflytta sa tidleg som i 1898. Da vedtok herradsstyret i Sunnylven kommune at ein trugande fjellhammar ovanfor garden gjorde det sa farleg for dei som budde pa Knivsfla at dei matte flytte. Hammaren heng der den dag i dag. Sjolv om folket flytte inn til Geiranger, vart dei to gardsbruka pa Knivsfla brukt til slattemark heilt opp til 1960-ara. Hoyet vart torka pa Knivsfla, frakta ned til sjoen pa loypestrengar og rodd inn til Geiranger, der husdyra sto. Pa det meste matte dei bruke sju loypestrengar for a fa frakta hoyet fra setra og ned.