| WWW | |||||
| Area: | Geiranger | ||||
Blomberg ligg 452 meter over havet, pa eit fjellplata ovanfor garden Syltevik pa sorsida av Geirangerfjorden. Garden er nemnt i skriftlege kjelder i 1650. I dagleg tale vart garden kalla for Holten. Vegen opp til Blomberg gar i 28 svingar til dels langs eit gjol, og mens sjolve husa ligg fonntrygt, sa er vegen svart rasutsett. Vinterstid var det sarleg det a skulle frakte borna til og fra skule i Geiranger kvar fjortande dag som var det mest farefulle. | |||||
| |||||
|
| |||||
Blomberg er sa langt fra nokon lettdriven gard, men der er gode beite og da Martin Blomberg flytte der i fra i 1947 sa hadde han lagt seg opp mykje pengar i banken. Han kunne ha kjopt mange gardar som Blomberg for den summen.
Blomberg er na restaurert, og loa som hadde ramla ned, er ogsa rekonstruert med materialar fra ei gammal loe. Mykje av restaureringa utvendig er gjort etter fotografi som Magne Flem tok like etter krigen. Mellom anna sto dei med fotografiet i handa og kutta bordkledninga pa loa slik at det sag heilt likt ut. Pa baksida var det verre, fordi det mangla gode fotografi av korleis takkonstruksjonen pa loa var pa baksida. Pa eitt av Magne Flem sine gamle bilde kan det sja ut som om der var ark over lavebrua, men det viser ikkje tydeleg. I teikneserien «Nils og Blamann» derimot, i juleheftet 1946, der er loa pa Blomberg teikna med ark, og Blomberg-garden er sa noye avteikna at teiknaren, Ivar Mauritz-Hansen, ma ha vore oppe pa Blomberg. Det ein veit sikkert er at bade teiknaren og tekstforfattaren, Sigurd Winsnes, med familiar sommaren 1946 var pa ferie i Geiranger, og vart kjende med Blomberg-folket.
Na har loa pa Blomberg fatt ark over lavebrua. Fem ar tok det a restaurere Blomberg, og einaste grunnen til at dette store prosjektet var mogeleg, var at det offentlege kosta mesteparten. Til saman 2,6 millionar kroner har det kosta a sikre dette kulturhistoriske minnesmerket av ein gard for ettertida.