10

Peer Gynt Galleriet

Address:Hellesylt
Phone:+47 95 82 19 83
WWW
Area:Hellesylt
Peer Gynt Galleriet pa Hellesylt er resultatet av eldhug.
Peer Gynt Galleriet

Peer Gynt Galleriet er langt meir enn eit kunstsenter. Dette er staden du verkeleg kan kose deg. Der far ein god mat og drikke i makelause omgjevnader.

Peer Gynt Galleriet er eit resultat av eldhug og er det store kunstsenteret pa Vestlandet. Her kan du oppleve dei makelause utskjeringane til den kjende, norske treskjeraren Oddvin Parr, med scener fra Henrik Ibsens "Peer Gynt". Treskjeraren har sidan tenara vigd livet sitt til a formidle historia om Peer Gynt, og har brukt 13 ar pa det monumentale dramaet av Henrik Ibsen. Enorme trerelieff strekkjer seg fra golv til tak. Og eit besok i galleriet er som a vandre rundt pa scenen under ei dramatisering av Ibsens verdskjente dikt.
Mot ogsa Oddvin Parr, mannen bak Peer Gynt-relieffa, og hoyr han fortelje om eventyraren og livslognaren Peer Gynt. Samstundes far de hoyre og sja korleis han skapte dei enorme kunstverka.
Opplev ogsa utdrag av dramatiseringa av Peer Gynt, med kunstnaren Oddvin Parr som Peer Gynt, og Kari Hauso Stadheim som mor Ase.
For omvisning med kunstnaren Oddvin Parr og for grupper kontakt med www.62nord.no
Velkomen til Peer Gynt Galleriet – i hjartet av Hellesylt.