Du er her: Kultur & Historie Turisttrafikk, Geiranger, historikk

Turisttrafikk, Geiranger, historikk

Geiranger var temmeleg isolert tidleg på 1800-talet. Anten var det å 'kløvje' over til Skjåkbygdene eller gå til fots over fjellet til Eidsdalen - og fjorden var lang og ro. Menneska hadde nok med sitt daglege strev på fjellhyllene langs fjorden og på tungdrevne gardar i Geirangerbygda. Ein visste ikkje noko om turisttrafikk og lite om samferdsle.


Ut av isolasjonen
Det var difor eit vendepunkt og ein stor dag for bygda den 29. januar 1858, då dampskipet "Søndmør" første gongen kom til Geiranger, jamvel om ruta gjekk berre ein gong i veka. Bygdefolket fekk med eitt betre kontakt med grannebygdene - og med Ålesund. Det var likevel med ein viss skepsis ein tok imot dei første reisande. Dei tykte det var toskut å fare slik å reke, når andre stod midt i onnearbeidet og måtte arbeide som hardast!

Cruisetrafikken - Geiranger skysslag - hotella - vegen over fjellet - "Geiranger Vognfabrikk"
I 1869 kom den første turistbåten, yachten "Nereid" til Geiranger. Det er kvekarar som er dei første 'cruiseturistane' i Geiranger. Same året fekk Martinus Maråk festesetel på ein bustadtomt i Maråkvika frå far sin på Knutgarden og saman med kona si, Siri frå Skageflå sette dei opp ein stor bygnad, ei"lån" - det som skulle bli ei handelsbud og Meroks hotell.

Turisttrafikk, Geiranger, historikk
Der husa dei mellom andre også vegdirektør Krag og kaptein Rosenquist, som administrerte vegarbeidet over fjellet frå Geiranger til Grotli (1881-89).

Samferdsla vaks og hotell var bygde: Geiranger (1885), Union (1891), Utsikten (1893) og Djupvasshytta (1892).

bf_geiranger2I 1906 vitja heile 110 skip Geiranger. Skysstrafikken (hest og kjerre) var ei god attåtnæring for gardbrukarane, men etter kvart som han auka på, vart det trong for eit skysslag som administrerte trafikken. Geiranger Skysslag vart såleis skipa i 1907.
Same året starta Karl Mjelva "Geiranger Vognfabrikk" og "Geirangerkjerra" vart produsert og i 1912 vart bilkarosseri laga for importerte Opel-chassis frå Tyskland.

Allereie i 1910 var heile 36 hesteeigarar med i skysslaget og i 1914 var det over 80 skyssvogner i laget. Automobilen vart prøvekøyrd i turisttrafikken og blei straks sett på som ein konkurrent! Ein kom likevel til ei semje og bilane og hestekjerrene køyrde om kvarandre heilt fram på

1930-talet. Rutebillag vart også skipa.

I 1920-åra vart det likevel satsa på bilen som tok meir og meir over. Geiranger Skysslag hadde slik før siste verdskrigen heile 80 skyssbilar!
I heile denne skysslagsepoken vart det satsa mykje på marknadsføring av Geirangerbygda. Ein såg tidleg på 1900-talet at dette var naudsynleg.

Etter siste verdskrigen vart det ei ny tid for Geiranger Skysslag. Dei gamle skysslagsbilane var vekke frå skysstrafikken etter at tyskarane hadde teke med seg 37 bilar for "oppbevaring under oppsikt".

Den nye tida
Det var dei stor "amerikanarane" som overtok etter 'sju-setrane' på 1950-talet, men fekk snart konkurranse med bussane som tok meir og meir over og som no er åleinerådande på cruisemarknaden.

Eit lokomotiv i turistnæringa (og skysslaget), Nibbevegen stod ferdig i 1938, men vart først offisielt opna i 1948. Saman med Ørnevegen (opna 1956) byd desse på turistattraksjonar av øvste klasse med spektakulære utsyn. Cruisetrafikken har auka monaleg, hurtigruta kjem dagleg på vitjing i sommarhalvåret, ferjene går fulle mellom Geiranger og Hellesylt, profesjonelle sight-seeingturar i regi av Geiranger Fjordservice fraktar fleire gonger for dagen turistar ut på den unike Unesco-fjorden. Bygda byggjer ut sine overnattingstilbod, campingplassar, hytter og hotell. Turistnæringa ynskjer å gje eit fleirdagstilbod til turisten og arbeider med nye aktivitetsidéar. Storfjordens Venner tek vare på og vernar vår arv.

Geiranger har fått gradert opp sin særeigne natur og kulturhistorie til verdsarvstatus.

Bygda kan vel vere stolt av seg sjølv og stå saman om framtida.

Geiranger, 18.03.2009
Arild Flydal