| Address: | 6216 Geiranger | ||||||||||
| Phone: | 70 26 03 33 | ||||||||||
| Fax: | 70 26 16 40 | ||||||||||
| Area: | Geiranger | ||||||||||
| Geiranger kyrkje er ei åttekanta kyrkje bygd i 1842 i tommer med 200 sitjeplassar. Arkitekt var Hans Klipe.
Ein reknar med at det har vore kyrkje i Geiranger fra kring 1450. Ho er forste gong nemnt i Tjondhjems Reformats frå1589. Kyrkja var ikkje ei rein stavkyrkje, påbygd kor og våpenhus var i tommer. Ho vart riven i 1742, og ny krosskyrkje vart bygd i 1744. Krosskyrkja var rosemåla innvendes. I 1841 vart kyrkja påtend og brann ned til grunnen. Noverande kyrkje er den tredje vi veit om på same staden. Kyrkja er utsmykka av treskjerar Einar Flydal etter framlegg fra kunstnaren Per Vigeland. Arbeidet vart gjort i tida 1938-1945. Utsmykkinga omfatta altartavle, antemensale, preikestol, korgitter og nummertavle. Treskurden vart måla av Lars Tynes, Sykkylven, Karl Gjere og Nils Bjørdal, begge fra Geiranger. Altarbiletet er måla av konservator Harald Brun ved Nasjonalgalleriet i 1902 med motivet Kristus, trøystaren. Kyrkjeklokka er fra 1899. Orgel kom på plass i 1906, men vart utskifta i 1964.
| |||||||||||
|
| |||||||||||