Du er her: Overnatting Hytter Fjorden Camping

Fjorden Camping

Phone:70 26 30 77
Fax:70 26 30 77
WWW:http://www.fjordencamping.no
Area:Geiranger

Fjorden Campinghytter ligg vakkert til heilt nede ved fjorden på Homlong i Geiranger, 2,5 km frå Geiranger sentrum, med eineståande utsikt over fjorden og bygda.

 

Fjorden Camping

I tillegg til innbydande hytter (alle teikna av arkitektane Homlong og Raknestangen) kan vi tilby store, barnevenlege uteområde, og ved flytebrygga finn du båtar til leige, med og utan motor. Fiske er fritt i fjorden, og her er mange fiskeslag.

Garden Homlong er eit godt utgangspunkt for båt- og fotturar utover i Geirangerfjorden. Det går tursti til Homlongssætra og til Skageflå, ein av dei fråflytte fjellgardane som har gjeve geirangerområdet plass på UNESCO si prestisjefylte Verdsarvliste.

Enkle hytter

11 hytter, 4 med innlagt vatn

Eldre, svært velhaldne enkle campinghytter med 12 m2 golvflate og overbygd veranda, alle med kjøleskap og kokeplass. Hyttene er bygde i rekkje med skiljeveggar i mur, noko som gjer dei svært godt lydisolerte.

  • 5 av hyttene har 4 køysenger
  • 2 av hyttene har 2 køysenger
  • 4 har innlagt varmt vatn og famileseng: Underkøyseng på 120 cm breidd og overkøyseng på 90 cm

Hyttene har felles sanitæranlegg med toalett og dusjar, oppvaskplass og vaskemaskin. Maks avstand frå hytta 25 m .

Store hytter

4 store hytter

  • 32 m2
  • Stor, delvis overbygd veranda
  • Stort opphaldsrom
  • Fullt utstyrt kjøkken
  • Bad med golvvarme, dusj og toalett
  • Soverom med dobbeltseng
  • TV
  • Sove 2 til 4

Hyttene ligg like ved sjøen, med panoramautsikt over fjorden og bygda. Kvar hytte har ein stor, usjenert og delvis overbygd veranda.

Inne er det eit soverom med dobbeltseng, bad med dusj, stort opphaldsrom med TV, fullt utstyrt minikjøkken og spiseplass.

Den romslege salonggruppa kan gjerast om til soveplass for to personar. Dyner og puter er inkludert i prisen, lintøy må ein ha med, eller det kan leigast ekstra (kr 70 per person).

Båtutleie

Vi har 3 robåtar utan og 1 med påhengsmotor til utleige. Redningsvestar og bensin er
inkludert i prisen.

Robåt utan motor:

Per time kr 40.-
Per dag kr 100.-

Robåt med motor (4 HK):

Per time kr 150.-
Per dag kr 500.-