Geirangerfjord Sightseeing

Address:6216 Geiranger
Phone:+47 70 26 30 07
Fax:+47-70 26 31 41
WWW:http://www.geirangerfjord.no
Area:Geiranger
Geiranger Fjordservice AS tilbyr eksklusive fjordcruise på den verdskjende Geirangerfjorden. Ein tur med Geirangerfjord Sightseeing er eit fantastisk høve til å utforske denne delen av UNESCOs verdsarvsområde i all si prakt.
Geirangerfjord Sightseeing

M/S Geirangerfjord tek passasjerane nært inntil fossane Dei Sju Systre, Friaren og Brudesløret. På turen får ein også høve til å beundre fleire av dei fråflytta gardane langs fjorden, som Skageflå, Knivsflå, Blomberg og Matvik.

Dersom ein ynskjer å besøke ein av fjordgardane, kan vi tilby transport-service med M/S Geirangerfjord.

Turen varer omlag 1,5 time, og det er høve til å kjøpe lette forfriskingar ombord.

Geirangerfjord Sightseeing har guiding på fem språk. Velkommen ombord!