Familierafting

Address: Kaihuset, 6210 Valldal
Phone: 90 01 40 35
Fax:70 25 76 05
WWW:http://www.valldal.no
Area:Valldal
For heile familien. Målet med familierafting er å tilby ei roligare form for rafting, der ungar ned i 10år kan få prøvd seg. Dette blier ein perfekt tur for heile familien. Her legg vi stor vekt på sikkerheit og morro, så her blir det muligheit for mykje bading og leik. Familieraftinga vil forgå på den roligaste delen av Valldøla, ei strekning på ca 5 km.
Familierafting
Oppstart
Valldal Naturopplevingar er eit selskap som vart starta vinteren 1995 av Stein Inge Rem og Nils Jarle Hjelme. Selskapet sin foretningside er å tilby naturopplevingar og friluftsaktivitetar i samspel med lokal kultur og naturgjevne ressursar. Formålet med selskapet er å tene pengar på å tilretteleggje og marknadsføre eit omfattande og fleirfaldig naturopplevingsprodukt, basert på lokal kultur og naturgjevne ressursar.

Valldøla som raftingelv
Elva har stabil vassføring og lang sesong (mai- oktober) Elva er godt synleg frå veg med særs stor trafikk sommarstid Elva er lett tilgjengeleg for utsetjing og ilandtaking av flåtar Elva munnar ut i sjø nær sentrum Gode sikkerhetsmessige forhold med tanke på god kommunikasjon Lett å kome til på heile strekninga om noko skulle skje Elva renn gjennom befolka kulturlandskap.

Ansatte
Firmaet vert framleis eige og dreve av Stein Inge Rem Og Nils Jarle Hjelme. Sommarstid er det ansatt 3 faste raftingguidar. I tillegg vert det leigd inn folk ved større arrangement. Alle faste guidar er født og oppvokst i Valldal.