| Address: | 6216 Geiranger | |||||||||||||||||||||||||||||||
| Phone: | +47 70 26 83 00 | |||||||||||||||||||||||||||||||
| Fax: | +47 70 26 83 51 | |||||||||||||||||||||||||||||||
| WWW: | http://www.hotel-union.no | |||||||||||||||||||||||||||||||
| Area: | Geiranger | |||||||||||||||||||||||||||||||
| Hotel Union vert i dag drive av fjerde generasjon Mjelva. I over hundre år har vi ytt kvalitet og personleg service til dei som har gjesta oss. Gjennom service, god mat, spa og verdas vakraste fjord rett utanfor vindauget, blir eit opphald hjå oss ei oppleving. | ||||||||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||||||||
|
| ||||||||||||||||||||||||||||||||
Ved å ynskje deg velkomen til Hotel Union, inviterar vi deg inn i eit av dei vakraste landskapa i verda. Plasseringa på Unescos Verdsarvliste er relativt ny, men den storslåtte naturen har i mange generasjonar vore eit attraktivt reisemål. Frå fjern og nær har gjester kome. Ikkje mest for å overnatte, men for å oppleve. Oppleve naturen. Høyre lyden av fossebrus. Puste inn den klare, reine lufta. Sjå det vakre utsynet over Geirangerfjorden.
Geirangerfjorden og fjella rundt gjev ei unik og fantastisk råme for opphaldet. I omgjevnader som dette kan tankane få flyte fritt. Samvær med naturen ladar opp kropp og sinn med ny energi. Vårt ynskje er at eit opphald hjå oss gir deg den gode stunda. Mange lengtar tilbake.
Vi håpar du er ein av dei som kjem att. Gong etter gong.
Alle romma på Union er innreidde med omtanke og særpreg. Ikkje alle har fjordutsikt, men den mektige naturen får du uansett inn i rommet. Du kan klikke deg inn i bileta på dei ulike alternativa og sjølv bestemme kva for ei utsikt du vil ha. Kvar enkelt suite har sitt eige særpreg med unikt interiør.
Juniorsuitane er moderne og velutstyrte. Dei aller fleste har fjordutsikt.
Oppramsing av kva type rom vi har:
Vi har god plass på Hotel Union. Store salongar og fellesareal. Lekkert innreidd i lune og varme fargar. Her kan du samle mange, eller finne ein stille krok for deg sjølv. Atmosfæren gjer det lett å trivast. Hotellet har ein open og nyinnreia resepsjon. Gjennom store vindauge slepp lys og natur inn. I salongen kan du nyte ein god kopp kaffi medan du ser utover Geirangerfjorden, den vakraste fjorden i verda. Hotel Union er eit topp moderne hotell med lange tradisjonar. Interiøret speglar dette. Ærverdige møblar og bilar fortel om historie.
Union har 197 rom inkludert 6 deluxesuitar og 13 juniorsuitar.
Vår filosofi er å lage god, norsk mat av dei aller beste råvarene. Vi brukar lokale og regionale matprodusentar av ettertrakta råvarer som kje og lam, laks, spekemat og ost. Frå gardane i lokalmiljøet får vi lefser, frukt og bær. Råvarene vert sette saman til spanande smakskombinasjonar og stadig nye oppskriftar. Kjøkenet på Union lagar helst maten frå grunnen av, og mange av oppskriftene har følgt hotellet i generasjonar. Den populære Unionsbuffeen vert servert heile året.
Vi kan servere opp til 400 gjester i Restaurant Fjorden, eller trylle fram dei beste matopplevingane for ei mindre gruppe i à la carte-restauranten Julie. Frå Nina Grieg-terrassen kan du nyte utsikta over fjorden og fjellgardane på vakre dagar, heile året. I Møllaløa opplever du kokkar som lagar til lokal mat, og bankettar og bryllaup vert stemningsfulle opplevingar med spesielle menyar. Lobbybaren som ligg ved resepsjonen har160 sitjeplassar og djupe, gode sofaer du kan sige ned i. Du finn små, rolege hjørne eller pulserande liv viss du vil ha det, og utsikten til Geirangerfjorden og fjella skaper ei flott ramme rundt salongen. Vognfabrikken er ein temabar i underetasjen, inspirert av dei unike veteranbilane som familien Mjelva har teke godt vare på gjennom generasjonane, og som framleis er i bruk. Nattklubben i underetasjen er hotellet sin underhaldningsarena og her spelar vi opp til dans med husets orkester 6 dagar i veka. Mange kjente artistar har hatt stor suksess her med show og stand up- underhaldning her.
Ein bar er den perfekte møtestaden, og på Hotel Union er det heile tre slike.
Lobbybaren er nyinnreidd og romsleg med 162 sitjeplassar og djupe, gode sofaer du kan sige ned i. Du finn små, rolege hjørne eller pulserande liv viss du vil ha det, og utsikten til Geirangerfjorden og fjella skaper ei flott ramme rundt salongen. Lobbybaren har full skjenkerett og eigen kaffimeny. Før middag kan du lytte til vakker taffelmusikk medan du nyt aperitiffen. Lobbybaren er open frå 10.00 til 22.00.
Vognfabrikken er ein temabar i underetasjen, inspirert av dei unike veteranbilane som familien Mjelva har teke godt vare på gjennom generasjonane, og som framleis er i bruk. Baren er ein uformell møtestad med full skjenkerett og er tilgjengeleg både for hotellet sine gjester og andre.
Nattklubben i underetasjen er hotellet sin underhaldningsarena. Mange kjente artistar har hatt stor suksess her med show og stand up- underhaldning. Du kan gå til What´s on for å sjå kven som stikk innom denne sesongen. Baren er open alle dagar med unntak av søndag, frå kl. 21.30 til kl 02.30, både for hotellet sine gjester og andre.
Ro i sjela er ein god start på vegen mot ei kjensle av lykke. Omgjevnadene påverkar deg meir enn du trur, og samvær med naturen ladar opp kropp og sinn med ein energi du kan leve lenge på. I ei spa-oppleving møter mennesket naturen på ny, innanfor rammene av behandlingar som byggjer på hundreårlange røynsler i ulike kulturar der knapt noko har vore meir verdfullt enn vatn.
No inviterer vi deg inn i eit av dei vakraste landskapa i verda. Utsynet over Geirangerfjorden og fjella rundt. Lyden av fossebrus. Klar, rein luft. Alt saman er med på å skape indre fred og å la tankane flyte fritt. Når du har funne ro og stille, er vegen kort til djupt, indre velvære.
Harmoni og velvære veks fram innanfrå. Fred, ro, vatn og urter reinsar kropp og sjel, og kan gi deg den gode kjensla av å vere nøgd. Både sjølve spa-behandlinga, romma det skjer i og nærleiken til naturen utanfor tek deg ut av kvardagen ei stund. Vi har lagt alt til rette for at du skal få ei real, sanseleg oppleving – den gode stunda.
Lykka er å ha litt ekstra tid til seg sjølv. Union Spa er ein ny måte å tenkje eigenpleie på. Nærleik til naturen og med eit av verdas vakraste landskap som utgangspunkt, får du oppleve kva komplett velvære kan utrette for deg. Union Spa er pleie av mental helse, nedstressing og inspirasjon på same tid. Ekte, reine og annleis vatnopplevingar, reinsing og behandlingar. Ei stund av lykke i kvardagen. Vi håper du kjem att.
Mange av dei flotte bilane som vart brukt til å vise turistane rundt i Geiranger på 1920- og 1930-talet er framleis i køyrbar stand. Ein av bilane er utstilt i resepsjonsområdet, medan åtte andre årgangsbilar utgjer veteranbilmuseet i hotellet. Alle bilane har si eiga spesielle historie. Gjestene våre kan leige bilane med sjåfør til korte turar, og vi garanterer ei heilt spesiell oppleving.
Samlinga består av:
|
Cadillac 1919 |
Hudson 1922 |
Studebaker 1925 |
|
Buick 1927 |
AA Ford 1929 |
Nash 1931 |
|
Buick 1931 |
Buick 1932 |
Studebaker 1932 |
Informasjon om shopping kjem....
Hotel Union blei bygd i 1891 av A. Shieldrop frå Ålesund. Bygget var opphavleg i tre med inspirasjon frå dragestilen eller sveitsarstilen, i nær slekt med Art Nouveau og Jugend, og identisk med trehotellet på Øye. Julie og Karl Mjelva kjøpte Hotel Union i Geiranger i 1899. Den driftige familien starta også bilfabrikk, kraftverk og komfyrfabrikk på staden. Komfyrfabrikken eksisterer i dag, men med ny eigar.
Hotel Union er utvida og ombygd fleire gongar. Det som sto igjen av trehotellet, blei fjerna i 1979. Det var naudsynt for at Union skulle få møte kravet frå internasjonale gjester. Hotellet er seinare utvida med ei moderne kurs- og konferanseavdeling, symjehall, ny toppetasje med 13 suitar, kongressavdeling, veteranbilutstilling, nattklubb og stadig nye tilbod inne og ute. Den sterke Union-atmosfæren med kvalitet og service i generasjonar er vidareført med dei som i dag er vertskap i fjerde hotellgenerasjon, Monja og Sindre Mjelva.
Mange av bilane som blei brukte til å vise turistane naturen på 1920- og 1930-talet, er det framleis mogleg å køyre med. Ti av dei finst i dagens veteranbilsamling, og alle har ei historie å fortelje. Bilane vert leigde ut med sjåfør som gjerne køyrer brurepar til kyrkja, hentar gjestene våre i hamna eller tek dei på ein rundtur i Geiranger.